onsdag 7. september 2016

Majestetiske Meijs Motorman

Aleine på toppen



Kva er det fyrste du tenkjer når du høyrer ordet el-moped? For meg var det lenge elektriske scootrar frå ymse asiatiske produsentar eg aldri hadde høyrt om, med semi-futuristisk og ofte noko “klumpete” design. Men så fann eg Meijs Motorman. Noko som revolusjonerte korleis eg såg på el-mopedar, og har fått det til å verte eit køyretysegment eg faktisk har lyst til å halde auge med.

Men, kven er eigentleg Meijs? Meijs er eit nederlandsk firma frå Maastricht starta av designeren Ronald Meijs for å løyse eit transportproblem mange har tenkt på, men der det kanskje ikkje har hendt så veldig mykje, nemlig transport av enkeltpersonar i tettbebygde strøk. Dette er det Motorman er laga for, og det segmentet klarer den fint å fylle.

Om eg ikkje hugsar heilt feil vart Meijs ein del av mitt verdsbilete etter ein lengre søkjerunde på internett etter å ha sett Audi sitt elsykkel/elmoped-konsept. Plutselig var den berre der, og tanken om den har ikkje forsvunne sidan. For meg var Meijs Motorman det beste frå to verdnar; eit futuristisk by fremkomstmiddel og eit nydelig retroinspirert designprodukt. Begge delar ting eg verkeleg kan setje pris på. Den elektriske mopeden trekte, og trekker framleis, både i teknologielskaren og estetikaren i meg. Spesielt den delen som verdset klassisk, minimalistisk og stilrent design.

Når det gjeld to-hjula framkomstmiddel har dei klassiske alltid hatt ein særskild stad i hjarte mitt, og denne staden er no nesten heilt fylt med Meijs Motorman. Gleda var difor stor då eg i vår fann ut at dei hadde fått norsk i importør, og endå større då eg i sommar endelig fekk mogelegheiten til å ta ein i augesyn og ikkje minst prøvekøyre .For er det eit køyrety som treng å verte sett med eigne auge, og prøvd, så er det denne. Å verkeleg oppfatte og forstå kva ein slik moped kan by på av design og ikkje minst køyreglede kan vanskeleg forklarast med ord, men det betyr ikkje at eg ikkje skal prøve.

Det fyrste som slo meg var kor liten og nett den såg ut. Med det mener eg ikkje at den ser ut som noko leikety, men at den som moped føles som om den manglar ein vesentlig del, noko den på eit vis og gjer, nemlig motoren. Tank har den, men under den, der motoren plar vera er det berre eit stort tomrom, noko som var svært rart i begynnelsen.


Når ein så set seg oppå kjem neste store oppdaging. Kvar er demparene? Eg føler det demper, men eg ser dei ikkje. For, den einaste dempinga ein har er i to fjører under sadelen og ellers den naturlege dempinga frå ballonghjula som står på. Du tenkjer kanskje at dette umogeleg kan vere nok til å få ein komfortabel køyretur, men det var det absolutt ikkje. Eg er sjølv ein relativt kraftig kar, og det var overraskanade behagelig å køyra på for meg.

Oppdaging nummer tre kjem når ein vrir tenninga. Total stillheit. Er det noko feil tenkte eg fyrst, me neida, det er heilt slik det skal vera. Fyrst når ein vrir om gassen kjem den fyrste lyden. Ei svak summing kjem frå motoren nede på bakhjulet, og mopeden som fer av garde. Dette var eit av dei klart sterkaste sannseuttrykka ein får når ein køyer Meijs Motorman. Det er “heilt stille”, og den akselererer full fart, sidan ein som på andre elektriske køyrety har tilgong på full effekt med ein gong.

Her tek det ikkje lange tida frå ein vrir om gassen til ein er oppe i toppfart (45km/t). Noko som er heilt nydelig. Det å køyra denne er utan tvil den beste mopedopplevinga eg nokon gong har hatt. Tidlegare mopedar eg har prøvd har alltid laga mykje lyd, og brukt tid på å akselerere opp i fart. Her er det nesten ikkje noko ventetid i det heile. Så det kan nesten ikkje samanliknast. Som nevnt er Motorman ein moped, og vert registrert og forsikra som det. Den einaste skilnaden er at registreringa er gratis, og at den får EL skilt. Ellers er den då stort sett som andre mopedar, og då sjølvsagt meint til liknande bruk som sine bensindrevne halvbrødre, altså kortare køyreturar, noko den som elektrisk passar særs godt til.


På papiret har den ein rekkevidde på mellom 50 og 70 km som burde vere meir enn nok for dei urbant buande sin daglege “pendling”. Og uansett tek det ikkje mange timane å lade den opp att. Eit fullt batteri tek deg 6 timar med standardladaren, men med den kommande hurtigladaren tek det 3. Med andre ord vil det vere mogeleg å lade frå tomt til fullt på 3 timar. Altså burde det ikkje vere noko problem å ta ein ladepause om ein er på ein lengre tur. Sidan det er eit så relativt lite batteri som den har er det heller ingen spesiell ladar til den, altså har den vanleg stikkontakt, og ein kan lade kvar som helst.

For meg er det sterkaste salgspunktet for Meijs Motorman køyregleda. For om du ikkje får eit smil om munnen der du suser stille avgårde i 45 km/t forstår eg ingen ting. Eg har nesten aldri opplevd å verte så glad av “så lite”, og alle hovuda som snur seg, blikka som føl deg og smila som vert danna der du suser forbi er noko av det kjekkaste med å køyre denne doningen.

Eit av dei andre klare salgspunkta er designet. Det er som sagt retroinspirert, minimalistisk og stilrent. Dette er og grunnlaget for det eine ankepunktet eg fann med Motorman, den manglar blinklys. Det er stort sett ikkje eit problem, og ein kan fint markere svinging med armsignal, men blinklys hadde ofte vore å føretrekke.
Utanom dette har eg absolutt ingenting å utsetje på designet, for den er verkeleg nydeleg. Den vanlige utgåva er heilsvart med brun lærsadel, men så og seie alt i Motorman designet kan endrast farge på, og om ynskjeleg kan ein og spesialbestille lakk og logodesign etter sine eigne ynskje eller for eit firma.




Meijs Motorman har verkeleg opna augo mine for noko eg ikkje visste at eg ville ha, men no er det ikkje noko spørsmål ein gong. Eg må ha ein Motorman!
Og om du prøver ein, så tar det nok ikkje lange tida før du og treng det.



PS. Meir informasjon kan du finna på meijs.nu



















lørdag 6. februar 2016

Ei oppgradering på Android Wear fronten - 2. generasjons Moto 360


Som de som har lest det eg har skrive på denne bloggen før veit, så har eg hatt ei Android Wear-klokke omtrent sidan dei fyrst kom i butikkane for snart halvanna år sidan.
Då eg budde i Australia gjekk eg nemleg til innkjøp av den originale LG G Watch då den kom ut der nede, og den har vore flittig brukt opp til for eit par månader sidan, då lademekanismen ikkje lenger var påliteleg nok til dagleg bruk.

Den klokka eg originalt hadde tenkt til å kjøpe var Moto 360, den fyrste runde og då den klart finaste av smartklokkene som hadde vorte vist fram. Då den kom ut var det dog ein del ting eg og andre reagerte på, som dårleg batteritid og at den til tider reagerte treigt, mykje fordi Motorola hadde valgt å gå for ein gamal Texas Instuments-prosessor. Det vart difor ikkje noko Moto 360 på meg den gongen, sjølv om eg heldt auge med den i lange tider.

På hausten i fjor var difor gleda stor då Motorola viste fram den nye Moto 360. Riktig nok var den ikkje noko særleg til oppgradering frå dei andre klokkene på marknaden, bortsett frå at den var ein av få som var runde (og at den i min meining deler plassen om flottast design saman med Huawei Watch).

Etter å ha gått litt fram og tilbake med meg sjølv om det var naudsynt gjekk eg difor førre veke til innkjøp av ei ny 46mm  2. generasjons Moto 360.
Klokka vart bestilt hos Komplett, og dukka opp i "posten" hos meg 2 dagar seinare.
Etter å ha skudd den på, kopla til mobil, lada og oppdatert klokka var den endeleg klar til bruk.

Fyrsteinntrykket var veldig bra. Designet er nydeleg, og den ser meir eller mindre ut som ei vanleg analog klokke, med flott klokkehus i børsta stål (no med feste til reim stikkande ut på kvar side), blank kant rundt skjermen og flott reim i brunt skinn. Fleire andre har og nevt at dei trudde det var ei vanleg klokke heilt til dei oppdaga at eg "fingra med den som ein skjerm".

Når det kjem til bruk har det vore litt hikke no og då. Det fyrste eg reagerte på var at den allereie frå dag ein hadde problem med å innstallere Google Fit (som eg har valgt å bruke til skritteljing og pulsmåling). Etter restarting av både klokke og mobil og resynkronisering av appar kom den seg dog på plass til slutt og eg har ikkje hatt noko problem med den sidan.

I generell bruk har det ikkje vore noko slags problem med klokka, bortsett frå at eg av og til har måtta gå inn i Wear appen på telefonen for å kople den til på nytt (ikkje registrere) eller for app synkronisering. Den er rask og responsiv og gjer det den skal.

Batteriet klarer seg fint over ein heil dag. Eg har tatt den av ladaren kvar dag klokka seks om morgonen, og hatt den kopla til telefon og i bruk heile dagen med automatisk lysstyrke og skjermen alltid på, og har likevel hatt over 30% igjen på batteriet når eg legg meg om kvelden.
Ladaren er og veldig grei, då den kun er ein liten "stol" ein legg klokka på, og så lader klokka induktivt. Medan klokka står på lading kan ein og velgje å ha klokkeslett og batteriprosent visande på skjermen, noko eg personeleg liker veldig godt.

Sidan eg sist skreiv om Android Wear har det endra seg mykje, og det er fleire nye endringar  på veg (som t.d. støtte for høgtalar, noko denne klokka ikkje har). Men desse vil eg ikkje gå inn på her. Kanskje ein annan gong?


Alt i  alt er eg med andre ord veldig nøgd med klokka. Eg gler meg til å bruke den vidare, og til å sjå kva nytt som kjem til Android Wear, sjølv utan støtte for alt saman.
Tredje generasjon smartklokker er jo heller ikkje så langt vekke. Så det er nok mykje nytt å sjå fram til det kommande året.